Nettmøteplattform for Elihu-menigheten 💒

Webex-appen for mobil/nettbrett

Kortversjon (dette er veldig enkelt!):  🙂

  • På mobil/brett: Installér app og klikk link.
  • På PC/Mac, klikk link og så «Join from your browser».

Her er linken: https://flips.my.webex.com/meet/elihu

Litt fyldigare versjon:
Det finst mange ulike teknologiar/program for nettmøte. Du har kan henda brukt Zoom, Teams, Messenger, Skype eller noko anna. For nettmøta til Elihu har me tenkt til å nytta eit program som heiter Cisco Webex. (Det skal vera både trygt, funksjonelt og gratis. Amen!) 🙂

Du kan anten gå inn via nettlesar (Firefox, Chrome e.l.) på PC/Mac, eller via ein app på telefon/nettbrett, Cisco Webex Meetings.

For å gå til møterommet kan du anten kopiera og lima inn adressa, eller berre klikka på linken (om du er på mobil/nettbrett, installér appen fyrst): https://flips.my.webex.com/meet/elihu

Via mobil/nettbrett-app:

Når du klikkar på linken frå mobilen eller nettbrettet, kan du få opp eit spørsmål om du vil opna linken i appen, og det vil du svara ja på. Alternativt, om du opnar appen, kan du klyppa og lima inn https:-adressa ovanfor som namn på møte du vil join’e frå Webex-appen.

Merk: Det er ikkje naudsynt å oppretta eigen brukar/registrera seg, du kan kopla deg til møta heilt uregistrert. Neste steg er å fortelja dei andre i møtet kven du er, det kan sjå om lag slik ut, du fyller inn namnet ditt og ei e-postadresse (treng ikkje vera ekte).

Via nettlesar, PC/Mac

Når du klikkar på linken ovanfor, kjem du til ei side som vil lasta ned installasjonsprogram. Det treng du ikkje gjera, du kan berre klikka på «Join from your browser«-linken. Vidare er stega dei same som ovanfor, du må skriva inn namnet ditt og ei e-postadresse.

Felles steg (for mobil, nettbrett og PC/Mac) vidare

Før du kjem inn, vil du truleg få opp spørsmål om tilgang til mikrofon/lyd (kan henda du må velja «Use Internet audio» e.l.) og ev. for tilgang til kamera/video. I utgangspunktet vil truleg lyden/mikrofonen dinn vera slått av når du kjem inn. Det ser du ved at mikrofon-symbolet/knappen er raud. (Det same gjeld kameraet. Dersom kamerasymbolet er raudt, er ikkje kameraet ditt slått på.)

Dersom du klikkar på dei tre prikkane, fær du opp ein dialog der du m.a. kan velja «Chat with Everyone» for å syna skrivefelt, eller om du har dårleg samband, så kan du testa å slå av video ved å velja «Audio-Only Mode».

Korleis beda om ordet?

Ver tolmodig og be Gud om nåde. Me ynskjer alle at dette skal funka tilfredsstillande, men teknologi har ofte sine utfordringar. 🙏❤️😇