Takk til alle som var med på å gjera det til eit flott formiddagsmøte i dag! Det var herleg lovsong, god møteleiing, og talen var visst òg bra. (Nettredaktøren er sjølv litt inhabil og helst vil framstå som audmjuk, så han sparar litt på superlativa.)
I tillegg var det herleg både mat, kake og kaffi og flott fellesskap!
Temaet i talen var «Så Kristi kross ikkje skal mista si kraft», og utgangspunktet var
1. Korinterbrev 1,17:
For Kristus har ikkje sendt meg ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og då ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal mista si kraft.
Talen frå møtet finn du her:
(Tru mot tradisjonen frå tidlegare møte, er talen teke opp med feil mikrofon, og har difor ganske redusert lydkvalitet. Orsak dette!
Talen er på litt over 41 minutt, det hender avspelaren viser feil.)