110 årsdagen for unionsoppløysinga med Sverige vart feira med fantastisk lovsong av Oddny, Hanna Ellisiv, Dag Inge og Matias, barnesamlingar med Liv-Kirsti og Per Jostein og tale ved Arne Groven, opptak finner du her. På torsdag kl. 12 er det bønemøte på No12, på sundag 14. juni er det storsundag på bønnesenteret kl. 11, med eige opplegg for ungane. Det vert sumaravslutning med griling etter møtet. Hjarteleg velkomen! 🙂
Plan for sumaren 2015:
I sumarperioden er planen å samlast éin gong pr. veke på ulikt vis, alt etter vèret og dei som organiserer. Meld deg på vår SMS-tjeneste og få oppdateringer. På sundagsmøtet vart det lagt fram ei liste der ein kan setja seg opp for å ta andsvaret for éi veke. Tanken er at ein finn ein dag, gjerne måndag eller torsdag i den aktuelle veka, sender ut info om stad og klokkeslett, tek med seg grillkol og fyrstikkar og samlar folk. Så kjem samlast dei det passar for.
Det er ledig for å ta andsvar for fylgjande veker:
27 (29/6–5/7), 28 (6–12/7), 30 (20–26/7), 31 (27/7–2/8), 32 (3–9/8) og 33 (10–16/8).
Om du ynskjer å ta andsvar for éi av desse vekene, send melding til 484 53 244 eller ta kontakt via kontaktskjemaet.
Førre storsundag 3. mai
Førre storsundag var ei fantastisk stund, med herlege vitnesbyrd frå mange og himmelsk lovsong av Smelteverket. Ikkje gå glipp av 14. juni! Sjå kor herleg det var: 🙂